Vi freser og knuser stein for nydyrking, tomter og utbygging. Eit effektivt alternativ som sparar både tid og pengar.
Til steinfresing brukar eg ein Case Vestrum 140 hk med store hjul og ein Bugnot BP 190 fres. Fresen går ned til rundt 20 cm og knuser stein opp til 30 cm i diameter. Den største fraksjonen som kjem ut er på rundt 40 mm.
Fordelen med denne metoden er at steinen blir knust på staden. Det sparar deg for mykje tid og kostnad med bortkøyring, og du får i tillegg eit berekraftig og drenerande topplag. Når steinen blir blanda i massene, frigjer det mineral som gir betre næring til jorda.
Grusmassane bidreg òg til at jorda held på varme, noko som gir eit betre vekstmiljø enn om alt hadde blitt heilt homogent.
Sparar tid
Reduserer kostnad
Betre næring
Drenerande
Av erfaring veit eg at ein får best resultat om ein tilfører rikeleg med husdyrgjødsel og kalk som får tørke opp før fresing. Då blir gjødsla blanda jamt inn i massene, og ein får eit næringsrikt såbed klart til såing.
Etter fresing er det vanleg å slodde, tromle og så. Jorda bør vere så tørr som mogleg under arbeidet – elles kan fresen blande det til ei suppe som fort blir hard når det tørkar.



Her er litt om kapasitet og erfaring frå fresinga.
Ca. 0,8 dekar/time, avhengig av masse og terreng
Ca. 600 dekar frest, med gode resultat
2400 kr eks. mva.




Frå steinrikt jorde til ferdig resultat - sjå heile prosessen!
Vi har mange slike eksempler
Ta kontakt, så ser vi på løysinga. Vi gir deg ein uforpliktande vurdering av prosjektet ditt.